Meny

Frå modernisme til det kontemporære

-tendenser i norsk samtidskunst etter 1990
Gunnar Danbolt

Kapittel 6: Om det konseptuelle:

Eit eksempel på det siste var Kari Steihaugs installasjon med tittelen Rest (2005) i det såkalla Nøkkelhullet - eit hol i taket som no er bygd igjen - i underetasjen i Henie Onstad Kunstsenter. Utenfor installasjonen hadde publikum donert sine uferdige strikketøy til Steihaugs pågåande prosjekt Arkiv: De Ufullendte (1998–2013) og inne i den var det avlagte strikkeplagg som var delvis rakna og omforma til ein skogbotn med knoppar, blomstrar og hylster. Enno let det seg gjere å identifisere kva fleire av arbeida tidlegere hadde vore, slik at vi blei vitne til ein metamorfose, ei forvandling, frå ein ting til ein annan. Dei strikka plagga, som var delvis øydelagde, hadde eingong vore bruksplagg og bar spor av det, mens dei nye formasjonane – organiske naturvekstar – illuderte i og for seg greitt, sjølv om vi blei overraska over bruken av strikketøy i ein slik samanheng. Eit strikka plagg er blitt ein naturleg del av vår kvardag, sjølv om det i høgste grad er eit kulturprodukt, mens strikka blomstrar bryt med det vi opp- fattar som naturleg. Det er som om forholdet mellom natur og kultur er snudd på hovudet. Samtidig ser vi at øydelegginga av det eine gir opphav til noko heilt anna. Då inntreffer det altså ei forvandling slik vi stadig opplever at det skjer både i tankeverda og tingverda. Det er dette som var utgangspunktet for Walter Benjamins (1892–1940) definisjon av allegorien – at ein gir ting nye betydningar for å redde dei frå å forsvinne. Men Steihaug opererer ikkje med eit eintydig konsept – for Rest peiker både på korleis allegoriar oppstår, og på korleis det vi held for naturleg, er nokså tids- og kulturbetinga. Strikka blomstrar er unaturlege, mens strikka genserar er naturlege. Det er ved nærmare ettertanke nokså merkeleg, fordi begge jo er like kulturlege. Her er det altså ein liten klase av omgrep som utgjer konseptet. 


Innlogging
Informasjonskapsler
X
Vi bruker informasjonskapsler. Dersom du fortsetter å bruke denne siden godtar du at informasjonskapsler blir brukt.